Basisvarer du treng for å bake sunnare og sukkerfritt

Mat

| Skriv en kommentar

Sunnare søtsaker - alternativ til sukker
Sunnare søtsaker
Dette innlegget hører til boken Sunnare søtsaker av Linda Stuhaug

I den nyaste boka til Linda Stuhaug får du over 80 oppskrifter på alt du kan tenke deg i den søte sjangeren – alt laga med naturlig sukkererstatning.

Les mer

Det første du må byte ut når du skal bake sunnare og sukkerfritt, er sukkeret. Då treng du naturlegvis sukkererstatningar. Desse finn du garantert i ein helsekostbutikk eller i nettbutikkar som sel helsekostprodukt, men det er òg fleire og fleire daglegvarebutikkar som har dei i hyllene sine. Informasjon om dei ulike sukkererstatningane og eigenskapane deira finn du på side 14–20.

Sukkererstatningar eg bruker i oppskriftene mine
Sukrin gold
Sukrinmelis
Sukrin+ eller Finesse (du kan velje)
Sukrinsirup gold

Du treng ikkje ha alle desse i skapet. Finesse kan erstatte både Sukrinmelis og Sukrin+. Det betyr at viss du har Sukrin gold, Finesse og Sukrinsirup gold, så har du dei viktigaste.

I tillegg bruker eg dadlar og banan som søting.

Andre «spesialprodukt» som er fine å ha
Sukkerfri sjokolade – både lys, mørk og kvit.
Eg føretrekker merket Cavalier eller Sukrin sin variant.

Ekte vaniljepulver
Dette gir ein ekstra rik og god vaniljesmak. Ei krukke er dryg i bruk og varer lenge. Det held gjerne med 1⁄2 eller 1⁄3 ts i ei oppskrift. Du må ikkje ha vaniljepulver, men det gir det vesle ekstra til oppskriftene. Eg bruker merket Helios.

Elles er det nokre få oppskrifter i boka der eg bruker lakrispulver (Helios), ferdig sukkerfri marsipan, spira bokkveite eller Fiberfin, men det står det informasjon om i oppskriftene.

Utanom dette bruker eg heilt vanlege ingrediensar frå daglegvarebutikk. Mykje har du nok i skap og kjøleskap frå før, elles handlar du inn det du treng etter kvart som du lagar oppskriftene du ønsker.

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Handlekurv
Handlekurven din er tom
Se våre bøker
0